– Fagene må gis større plass i barnehagene, i grunnskolen, bli en del av tilbudet på SFO og i den kulturelle skolesekken.

Norsk Kulturarvs tidlegare styreledar, Kirsti Kolle Grøndahl, ledar for «yrkesfaglig utvalg om immateriell kulturarv og verneverdige fag».

Rapporten «Lenge leve tradisjonshåndverket!», 2016

(Foto: Hjerleid)

La elevane få lære med hovudet, hendene og hjarta-

Estetiske og praktiske fag som kunst og handverk, musikk, mat og helse, kroppsøving og ulike yrkesfaglege aktivitetar spelar ei avgjerande rolle i elevane si utvikling. Desse faga bidreg til langt meir enn kreativ utfalding; dei styrkar læring, mestring, motivasjon, identitet, livsferdigheiter og kulturforståelse.

Stadig meir av læringa i dag skjer framfor skjermar. For mykje, vil mange si. Det er grunn til å spørje om dagens skule har fjerna seg for langt frå det praktiske arbeidet. Skal vi gje elevane ei heilheitleg utdanning, må høvelbenken attende til skulen.

Praktiske fag har vore ein naturleg del av opplæringa i generasjonar. Elevane lærte å bruke redskap, forstå materialar og skape noko med eigne hender. I dag opplever mange at slike aktivitetar får mindre plass i skulekvardagen. På same tid veit vi at ikkje alle elevar lærer best gjennom lesing, skriving og skjermbasert undervisning. Å lære gjennom handling, erfaring og skaparglede er avgjerande for så mange.

Høvelbenken er meir enn eit møbel. Den symboliserar praktisk læring, tolmodigheit og mestring. Når ein elev formar eit stykke tre til eit ferdig produkt, lærer han eller ho langt meir enn berre handverk. Arbeidet krev måling, utrekning, planlegging, problemløysing og kreativitet. Her møtest matematikk, naturfag, design og praktiske ferdigheiter i meiningsfylt samspel.

For elevar som ikkje alltid finn seg til rette i dei teoretiske faga, gjev òg praktisk arbeid rom for mestring. Ein elev som slit med skriftlege prøver, kan blomstre når han eller ho får byggje ein modell, reparere ein gjenstand eller lage eit produkt. Slik kan dei praktiske faga styrke sjølvtilliten og motivasjonen for læring generelt.

Samfunnet vårt treng menneske som kan arbeide med hendene sine. Viss elevane aldri får møte verktøy og materialar i skulen, blir vegen til desse yrka lengre.

Dei praktiske og estetiske faga handlar om kulturarv. Kunnskap om tre, materialbruk og tradisjonelle handverksteknikkar har forma norske lokalsamfunn gjennom hundrevis av år. Heile mennesket skal utviklast. Vi treng både tastaturet og høvelen, både teorien og praksisen. Høvelbenken høyrer heime i ein moderne skule, ikkje som eit minne frå fortida, men som eit redskap for framtida.

Norsk Kulturarvs tidlegare styreledar, Kirsti Kolle Grøndahl, var ledar for «yrkesfaglig utvalg om immateriell kulturarv og verneverdige fag». I 2016 la dei fram rapporten «Lenge leve tradisjonshåndverket!». Eitt av hovedpunkta i rapporten er at «Fagene må gis større plass i barnehagene, i grunnskolen, bli en del av tilbudet på SFO og i den kulturelle skolesekken. I dette ligger også en stipendiatordning som kan bidra til at tradisjonsbærere møter barn og unge og derigjennom er rollemodeller for fremtidige håndverkere.»

Utvalget konkluderte med at interessen for utdanning i små, tradisjonelle handverksfag er mindre enn det ein både ønskjer seg og treng. I dei fleste faga er det kritisk ! Slik er det, i følgje utvalget, blant anna på grunn av mangel på handverksopplæring og praktiske ferdigheiter i grunnskulen, og ikkje minst på grunn av manglande tradisjonell handverkskompetanse blant lærarar og rådgjevarar i grunnskulen.

NOU 2026: 10 «Fellesskolen – Bærebjelken i framtidens samfunn» vart presentert for kunnskapsministeren av «Fellesskoleutvalget» sommaren 2026.

Utvalget beskriv konkrete tiltak for å styrke spesielle område. Blant anna handlar dette om å styrke nokre fag og fagområder, slik som lesing, matematikk, demokrati, fysisk aktivitet, og ikkje minst akkurat dei praktiske og estetiske faga.

Målet må vera at elevane i kunst og handverk skal utvikle praktiske ferdigheiter og kreativitet. Dei skal oppleve skaparglede og utforskartrang, og møte kunst- og handverkstradisjonar. I tillegg skal dei bli introduserte for både norsk, samisk og internasjonal kunst, design og handverk.

Utvalget slår fast at dei praktiske og estetiske faga er vesentlege for elevene si danning.

For å styrke desse faga, foreslår utvalget å:

  • innføre ein ny læreplan for 1. og 2. trinn som skal leggje vekt på arbeid med praktiske og estetiske fag
  • innføre krav til undervisningskompetanse på barnetrinnet
  • prioritere vidareutdanning for lærarar i dei praktiske og estetiske faga
  • vidareføre tilskuddsordning for praktiske læringsarenaer

Her er med andre ord mange gode punkt. Nå gjenstår berre gjennomføringa …

At ungdommar vel å gå vegen om tradisjonshandverket, er avgjerande for kulturmiljøvernet i Norge. Ikkje minst for at vi skal kunna innfri forpliktelsane våre i det å ta vare på og bringe kulturarven vidare, men fyrst av alt er det viktig at elevar i grunnskulen blir introduserte for praktiske og estetiske fag i si heilheit – det å få lære med både hovudet, hendene og hjarta.

Høvelbenken må attende til skulen !

Erik Lillebråten, Direktør, Norsk Kulturarv