Historia
I 2007 fekk Arne Brimi næringsprisen frå Nord-Gudbrandsdal Regionråd. Prisen var ein sjekk på kr 20.000,-. Desse pengane tok Brimi med seg til det lokale oppvekstsenteret – Tessand Oppvekstsenter. 20.000 kroner skulle nyttast til å gjennomføre eit prosjekt kalla 200 smakar på to år. Formålet var at barna skulle få flest mogleg smaksreferansar. Dei om lag 40 ungane på oppvekstsenteret gjekk gjennom dei 200 smakane – enkle smakar som til dømes ulike typar gulrøt, vatn og tomatar. Dei tilsette på skulen var imponert over resultata. Ungane vart meir bevisste på eigenskapane til dei ulike råvarane og skilde smakane frå kvarandre. I tillegg beit lærarane seg merkje i korleis språkutviklinga skaut fart. Prosjektet var ein suksess – og ikkje var det dyrt heller. Alt dette fekk dei til innanfor rammene av kr 20.000 på to år – med om lag 40 elevar. I tillegg kjøpte dei ei kjøkkenmaskin.
Etter suksessen ønskja meisterkokken å gjera ein versjon av dette på nasjonal basis. Norsk Kulturarv fann raskt interessa for prosjektet. Dette var starten på det som i dag heiter Norsk Smaksskule. Dei siste åra har Norsk Smaksskule kursa nærare 1000 skule- og barnehageansatte og aktivisert titusenvis av barn og unge.
Ungdommens matfat i Innlandet
Prosjektet «Ungdommens matfat i Innlandet» er ein del av Maihaugen si utstilling «Mat- mer enn et måltid». Utstillinga opnar på Maihaugen søndag 2.oktober.
Formålet med prosjektet er saman med elevar på 9.steg å dokumentere, tilberede og presentere matkulturen i Innlandet. Vi tek mål av oss å skapa ei stoltheit av matkulturen gjennom kurs for mat-og helselærarar, matprosjekt ute i skulane, dokumentasjon gjennom bilete og tekst, kokkekamp og avslutningsvis utstillinga «Ungdommens matfat i Innlandet».



Frå Jord til bord

Heimdyrka grønsaker. Det kjennes på smaken!
