
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2026 blir tildelt Gunleik Mæland frå Telemark. Gunleik Mæland er ein ung bonde som har drive garden Rørtveit i Flatdal sidan han var 19 år gamal, og er no 37 år. Mæland har eit stort engasjement for stølsdrift, bevaringsverdige kurasar, lokalprodusert mat og å halde kulturlandskapet i hevd. Han er òg ein aktiv formidlar av informasjon om matproduksjon, kulturlandskap og stølsliv til skuleklassar. (Foto: Rørtveit Gard)
Garden ligg fint til i kulturlandskapet i Flatdal mellom Nutheim og Natadal, med utsikt rett mot Skorvefjell og Bindingsnuten. Til garden høyrer òg staulen Storstaul, der både sau og storfe beiter sumarstid. Der er det fleire gamle staulsbygningar som er rusta opp. Staulen ligg i det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal og er den einaste aktive staulen i drift i dette UKL området.
Gunleik driv med mjølkeproduksjon med bevaringsverdige kurasar i fjoset.
Pr 30.4.2026 har han 42 storfe totalt, primært Telemarksfe, ein er sidet trønder/ Nordlandsfe, ein er jersey og ein NRF. Han søker produksjonstilskot for 14 mjølkefe og 22 andre storfe.
Dei har bygd om det gamle fjoset til lausdrift for elleve kyr. I 2022 stod eit nytt mjølkefjos i gamal stil ferdig på staulen. Sumaren 2024 er også nytt ysteri tatt i bruk.
Gunleik har rundt 20 vinterfora mordyr av norsk kvit sau (NKS) og rundt 60 mordyr av farga og kvit spæl. Sauene beiter vår og haust i kulturlandskapet i Flatdal og frå juni-september reiser dei til staulen i Svartdal og vidare innover i Brattefjell/ Vindeggen.
Storstaul var utan beitedyr frå 1956 til midten av 90-talet, men kyr kom fyrst tilbake på staulsvollen i 2010. Dagens drivarar har hogge 1300 kubikk tømmer og opna opp ca 70 daa dyrka kulturlandskap slik det opphavleg var.
På garden er det kjøtproduksjon av sau, storfe og litt gris, eigene epler blir pressa til eplemost. Gunleik leverer kjøtt, meieriprodukter og epemost til lokale hotel som Tuddal høyfjellshotel (kåra til norges beste hotel) og til ein av sine naboar, Nutheim gjestgiveri, der «Rørtveit-burger» er ein fast gjengangar på menyen.
Gunleik har også engasjert seg i styret for det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal, i fleire år var han styremedlem, og han var drivkrafta bak at styret gjekk til innkjøp av slåtteutstyr som er meir vanleg i alpene, ein Briermailer som er særs godt eigna for slått av bratte areal.
Etter at han gjekk ut av styret har han fortsett å ha ansvaret for denne maskinen saman med ein lokal entreprenør som leiger ut slåtte og raketenester til gardar i det utvalde kulturlandskapet som er for bratte for tradisjonelt slåtteutstyr.
Det ligg mykje dugnadsinnsats og lite pengar bak eit slik initiativ. Dette har ført til at areal som har vore ute av drift har blitt slått igjen. Totalt blei 414 dekar slått og eller raka i 2026 ved hjelp av denne maskina, det var sein slått i juli for å ivareta biologisk mangfald i dei mange slåtteengane i Flatdal og Svartdal.
Saman med UKL og Kulturlandskapssenteret i Telemark invitere han kvart år klasser frå dei lokale skulane Hjartdal Montessori og Flatdal oppvekstsenter slik at barna kan ha praktisk læring om matproduksjon, kulturlandskap og staulsliv. Dette er svært populære dagar på skulane.
Utdeling av årets pris skjedde under opninga av Dyrsku’n i Seljord.
Landbruks- og matministeren stod for utdelinga.
Prisen er tidlegare tildelt:
- 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
- 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
- 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
- 2010 – Vegaøyans Venner, Nordland
- 2011 – Maridalens Venner, Oslo
- 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Hedmark
- 2013 – Hauan Gard, Vestfold
- 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
- 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
- 2016 – Ikkje utdelt pris
- 2017 – Bøndene på Kvitsøy, Rogaland
- 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya, Åfjord kommune, Trøndelag
- 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
- 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger, Finnmark
- 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
- 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet
- 2023 – Skjolden Beitelag, Vestland
- 2024 – Verdensarvbøndene i Undredal, Vestland
- 2025 – Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad, Østigard Flatvad i Sunndal, Møre og Romsdal