
Foto: Torunn Kveen
Her kan dykk lese Stiftelsen Norsk Kulturarv`s innspel til statsbudsjettet 2027:
Til
Familie- og kulturkomiteen og Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget
STATSBUDSJETTET 2027 – Reverser dei foreslåtte kutta til studieforbunda!
Kor kom dette frå ?
…, og kva er bakgrunnen for eit ønskje om og forslag om å rasere vaksenopplæringa ?
Forslaget til statsbudsjett for 2027 har i seg kutt til studieforbund på heile NOK 70 millionar.
Dette er dramatisk og kjem heilt overraskande på oss alle.
Resultat av eit slik kutt; færre og dyrare kurs. Hardast går det seg utover dei som har dei største behova.
Alle studieforbunda som mottek statstilskot blir ramma. Regjeringa har foreslått å redusere løyvingane både til studieforbund under Kultur- og likestillingsdepartementet og under Kunnskapsdepartementet.
Om lag NOK 37,5 millionar i kutt for studieforbund under Kulturdepartementet, og om lag NOK 34,8 millionar i kutt for studieforbund under Kunnskapsdepartementet.
Totalt rundt NOK 70 millionar, tilsvarande ein fjerdedel av den samla studieforbundsordninga. Ei vingeklypping, rett og slett!
Desse kutta vil påverke kurs og opplæringstilbod innan:
- norskopplæring og integrering
- tradisjonshandverk og kulturvern
- musikk og kulturaktivitetar
- leiaropplæring i frivillige organisasjonar
- vaksenopplæring og livslang læring generelt
Studieforbunda sin aktivitet i Norge gjev vaksne moglegheit til læring, kompetanseutvikling og deltakelse gjennom heile livet, uavhengig av alder, utdanningsbakgrunn og kor ein bur.
Dette styrkar demokratiet ved å gje folk kunnskap, organisasjonserfaring og arenaer for samfunnsdeltaking. Aktiviteten motvirkar utanforskap ved å inkludere menneske som ofte ikkje finn seg til rette i det formelle utdanningssystemet, og byggjer kompetanse lokalt, særleg i frivillige organisasjonar, kulturliv og arbeidsliv.
Det fremmar folkehelse og livskvalitet gjennom meningsfulle læringsfellesskap og sosialt engasjement. Det bidreg til beredskap og samfunnsutvikling ved å utvikle praktiske ferdigheiter, frivillig innsats og lokal handlekraft.
Kvart år blir det gjennomført ein kvart million kurstimar innan teater, tradisjonshandverk, husflid, folkedans, folkemusikk, bygningsvern, bunad, kystkultur, slektsgransking og andre kulturuttrykk som er ein viktig del av den immaterielle kulturarven vår.
Hjerleid
Norsk Kulturarv er sterkt engasjert på Hjerleid på Dovre saman med Studieforbundet Kultur og Tradisjon. Hjerleid er kjent som ”treskjæringens Mekka”. Landets eldste skule for handverk og husflid starta her i 1886. Skulen har ei lang historie og ønskjer å bera denne vidare inn i framtida.
På Hjerleid tilbyr vi følgjande utdanningsløp:
- Vg1 Håndverk, design og produktutvikling
- Vg2 Trearbeid, – treskjæring og møbelsnekring
- Vg3 Treskjærerfaget
- Vg2 Smed
- Vg2 Tømrer – tradisjonsbygging
- Vg2 Overflateteknikk, – lær tradisjonsmaling
- Vg2 Søm og tekstilhåndverk
Handverksskulen vår på Hjerleid er finansiert som andre private skular. Det er den store kursvirksomheita på Hjerleid, i regi av Hjerleid as, Studieforbundet Kultur og Tradisjon og andre samarbeidspartnarar som blir ramma av store kutt i statsbudsjettet.
Hjerleid er i tillegg ei samlokalisering for kulturbaserte næringar.
For at kulturarven og tradisjonane skal leve vidare og vidareutviklast, må nye generasjonar få opplæring i desse. På Hjerleid blir handverkstradisjonane halde i hevd. Samtidig er ein bevisste på at handverket må vidareutviklast for å tilpasse seg samtid og framtid.
Hjerleid AS er eit kompetansesenter innanfor tre og handverk. Her tilbyr ein eit breitt spekter av veke- og helgekurs. Det blir og halde kurs for barn i sommarferien, og ein skreddarsyr gjerne eigne kurs innanfor fagområde.
Hjerleid AS driv òg lærebedrift for lærlingar. Dette er ei av få bedrifter i Norge som tek inn lærlingar i fleire av våre fag.
Selskapet tek oppdrag innan smiing, møbelsnekring og treskjering.
For Hjerleid er Studieforbundet Kultur og Tradisjon av avgjerande betydning. Eit alvorleg kutt som er foreslått nå, blir dramatisk. Støtte via studieforbundet er avgjerande for den viktige kursaktiviteten vår, og er i realiteten den einaste faste støtten vi har til desse.
Studieforbundets engasjement, kompetanse og ressursbruk har vore og er avgjerande i arbeidet vårt med å oppretthalde skulen. Store finansielle endringar vil påvirke i kor stor grad studieforbundet vil kunna engasjere seg saman med oss i dette arbeidet. Dette fryktar vi konsekvensen av.
Om Stiftelsen Norsk Kulturarv
Stiftelsen Norsk Kulturarv (SNK) vart oppretta i 1993 av Oppland fylkeskommune og har 29 innskytarar av eigenkapital, hovudsakleg frå offentleg sektor.
Norsk Kulturarv bidreg til verdiskaping – Kulturminner som blir brukte aktivt, skapar tilhøyrigheit og identitet.
Norsk Kulturarvs visjon er «Vern gjennom bruk».
Utvikling av nye næringar gjennom bruk av kulturarv-verdiar er ein vesentleg del av Norsk Kulturarvs arbeid. Norsk Kulturarv bidreg på denne måten til verdiskaping – Kulturminner som blir brukte aktivt, skapar tilhøyrigheit og identitet.
Aktiv bruk er ein viktig premiss for ein levande og mangfaldig kulturarv.
Norsk Kulturarv arbeider med haldningsskapande verksemd, informasjon og formidlar verdiar som inspirasjon, kunnskap og identitet.
Gjentek gjenne;
- Kor kom dette urovekkande forslaget frå ?
…, og kva er bakgrunnen for ønskje om å rasere vaksenopplæringa ?
Studieforbunda sin aktivitet er ein av fleire nøklar til arbeid, deltaking, inkludering og personleg utvikling. Med andre ord ei viktig investering både for individet og for samfunnet.
Studieforbunda gjer livslang læring tilgjengeleg for alle. Dei skapar aktive, kompetente og deltakande borgarar i heile landet.
Vi forvantar og stolar på at det foreslåtte kuttet ikkje blir tatt til følgje i sluttføringa av neste års Statsbudsjett.
Med beste helsing frå
STIFTELSEN NORSK KULTURARV
Jørn Holme Randi Bårtvedt
Styreleiar Leiar SNKs Fagråd
Erik Lillebråten
Direktør