Norsk Kulturarv / Valgkomiteens innstilling

Valgkomiteens innstilling

Del
Valgkomiteens innstilling til nytt styre i Norsk Kulturarv er no klar. Her kan du lesa innstillinga samt lesa om bakgrunnen til kvar enkelt som er foreslått. Styremedlemmane blir endeleg vald på Norsk Kulturarvs årsmøte seinare i år.

VALGKOMITEENs INNSTILLING

Valgkomiteens innstilling for Stiftelsen Norsk Kulturarvs Årsmøte (valgt for to år, ref SNKs vedtekter):

1. Gjenvalg på følgjande styremedlemmar:

  • Hanne Kristin Jakhelln
  • Randi Bårtvedt

2. Som nye styremedlemmar:

  • Stig Grytting
  • Jørn Holme
  • Marianne Grimstad Hansen
  • Olaf Steen

3. Som nye varamedlemmar for to år foreslår valgkomiteen:

  • Eli Selstad
  • Christin Krohn

4. Som styreleiar foreslår valgkomiteen Jørn Holme

5. Som nestleiar i styret foreslår valgkomiteen Marianne Grimstad Hansen

VALGKOMITEENs INNSTILLING

Stiftelsen Norsk Kulturarvs valgkomité innstiller på valg av tidlegare riksantikvar, Jørn Holme, til å etterfølgje Kirsti Kolle Grøndahl som styreleiar.

Jørn Holme var landets riksantikvar frå 2009 til 2018.  Før det var han blant anna i Økokrim frå 1991 til 2001 som førstestatsadvokat, det siste året som fungerande nestleiar. I 1993 hadde han permisjon og arbeidde som konstituert lagdommar i Eidsivating lagmannsrett (nå Borgarting lagmannsrett), og i 1997 ein periode som assisterande riksantikvar. Frå juni 2001 var han ein kort periode konstituert generaladvokat for forsvaret, før han hausten 2001 vart statssekretær i Justisdepartementet for Odd Einar Dørum i Bondevik II-regjeringa. 2004 til 2009 var han sjef for Politiets sikkerhetstjeneste (PST).

 

I stillinga som riksantikvar etterfulgte Jørn Holme Nils Marstein, og vart i 2018 etterfulgt av Hanna Geiran da han vart utnemnt til sorenskrivar i Vestfold tingrett. 

Marianne Grimstad Hansen vart valgt inn som vara til styret i 2019. Ho har hatt permisjon siste året for å gjennomføre forprosjektet til Kulturarvkommune for Norsk Kulturarv. Marianne var ordførar i Sørum kommune 2015-19, og som folkevalgt og ordførar utviste ho stor interesse for å ivareta kulturarven og utvikle lokalsamfunnet «på tuftene av historien».

Randi Bårtvedt, utdanna etnolog (folkelivsgranskar) frå Universitetet i Bergen med fordjupning i turisme og kulturmøte i Hardanger. Frå 1985 – 2012 prosjektleiar/direktør for Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (no Kraftmuseet) som vart bygd opp frå prosjekt til regionalt/nasjonalt museum i Odda. Styremedlem i Hardanger Vekst og Visit Hardangerfjord i fleire periodar og var nestleiar i ICOMOS Norge og seksjonsleiar i TICCIH (The International Committee for the Conservation of the Industrial Heritage) som samarbeider med UNESCO. Prosjektleiar i Odda i Utvikling – stad- og turismeutvikling og søknad UNESCO i Odda etter nedlegging av Odda smelteverk (2005-2009).

Var styremedlem i «European Route of Industrial Heritage»,ERIH, i  2009-2012. ERIH er ei stifting med hovudsete i Dusseldorf, og jobbar med å utvikla rundreiseruter og vern gjennom bruk i industriarven i Europa. Medelemer i mange land. Jobbar med vern gjennom bruk og reiseliv knytt til industriarven. Seniorkonsulent/konstituert leiar i NCE Tourism i Fjordnorge AS (2012 – 2015). Direktør Hardanger og Voss museum (2015 – 2020). Spesialrådgjevar kulturarv og verdiskaping Hardanger og Voss museum (2020 - ).Er styremedlem i Fortidsminneforeningen, avdeling Hordaland.

Hanne Kristin Jakhelln, Bodø, er utdanna Cand.philol, med nordisk språk og litteratur og historie frå Universitetet i Tromsø. Sidan har ho tatt både lederutdanning og kommunikasjonsledelse, i tillegg til styreforeningens autorisasjonsprogram for styremedlemmar. 

Hanne har vakse opp i Kabelvåg i Lofoten og har lang erfaring frå å arbeide med kulturorganisasjonar og kulturprosjekt i heile Nordland. Ho var prosjektledar for verdiskapingsprogrammet «Den verdifulle kystkulturen i Nordland» (2005-2010), har vore fagsjef i Nordlandsmuseet og direktør for Norsk Luftfartsmuseum (2016-2020). I dag driv ho sitt eige konsulentselskap, Muskat as, og jobbar med prosjekt innan kultur og kulturarv. 

Jakhelln er styremedlem i fleire museum (Preus Museum, Stiklestad Nasjonale kultursenter, Nordnorsk kunstmuseum), samt nestledar i Kulturminnefondet og konsul til Island for Nordland.  

Hanne brenn for å ta kulturarven i bruk som ressurs for samfunnsutvikling, vidareføre vår kulturelle identitet som rettesnor for framtida og at heilheitlege kulturmiljø skal gje rom for framtidig utvikling og modernisering, samtidig som vi bevarar historien vår på ein god måte. Ho har vore med i styret for Norsk Kulturarv sidan 2012.

Eli Selstad, Oslo. Starta med at ho som arkitektstudent fekk sommarjobb med å måle opp og tegne handelsstedet Klingholmen på Tysnes i Fitjar, Sunnhordaland for fylkeskonservatoren. Bratt læringskurve! 
Seinare som arkitekt i Vesterålen kom ho bort i mange gamle hus i kyst- og fiskeværskulturen. Ho fekk anledning til å delta i arbeidet med verneplan for fiskeværet Bleik på Andøya, og fekk etter kvart mange jobbar som arkitekt med å lage rehabiliteringsplaner for gamle hus av ulike slag. 
Privat satte ho i gang eit stort prosjekt med å demontere og flytte eit slitent bolighus frå Bø i Vesterålen til Alsvåg i Øksnes, og det vart bygd opp igjen etter alle kunstens reglar. Ikkje akkurat økonomisk lønnsomt, men igjen; lærerikt.

I 1989-1996 arbeidde Selstad i Akershus fylkeskommune. Skreiv mange innsigelsessaker til fylkesutvalget, deriblant mange knytta til kulturminnevern. Derfrå gjekk ferda vidare til ein bydel i Oslo med mykje gamal bebyggelse, da ho vart ansatt som kultur- og utviklingssjef i Bydel Sagene-Torshov med ansvar for bolig- og eiendomsspørsmål, kultur og bydelsutvikling. Rehabilitering av mange bygningar for å etablere barnehagar var ein del av jobben. 

2000 -03 seksjonssjef for planseksjonen, virksomhetsområdet plan og utredning i Statsbygg.

Opplysningsvesenets Fond (OvF) i 2003-20. Jobba med spørsmål knytta til bygningsvern og kulturminnevern både på strategisk og operativt nivå heile tida. Gjennom forvaltning og utvikling av fondets kontoreiendommar var det mange konkrete vernespørsmål på dagsorden. I presteboligforvaltninga har det handla om pengar, prioriteringar og politikk. 

Selstad leda arbeidet med å lage fondets fyrste kulturminnestrategi i 2008. Dagleg ledar i OvFs datterselskap Clemens Eiendom AS/IS, som har ansvar for kommersiell utvikling av fondets grunneiendommar og forvalter næringseiendommane.

«Mest av alt har jeg hatt hjerte for Granavolden Gjæstgiveri. Jeg har vært styreleder/ daglig leder i 10 år, og i tillegg "blandet meg" mye inn i detaljer. Merkevarebygging og konsepter har vært viktige spørsmål for å få brukbar drift i gjestgiveriet», fortel Selstad.

Som kulturminneutviklar dei siste åra har ho vore involvert i ulike mindre prosjekt for å skape nytt innhald i fraflytta prestegardar. Mange samhandlingsflater og aktørar har vore veldig moro, hevdar ho.

Christin Krohn er utdanna samfunnsøkonom frå UiO og har solid politisk bakgrunn frå Oslo, der ho gjennom fleire år blant anna arbeidde tett med Byantikvaren i Oslo. Etter dette arbeidde ho som konsulent med samfunnsøkonomiske analysar, og utvikla fleire metodar innan kulturfeltet. Dette brakte henne vidare til Riksantikvaren der ho arbeidde med å utvikle samfunnsøkonomiske metodar og analyser av kulturminne- og miljø, både på europeisk, nasjonalt og lokalt nivå. 

Christin arbeider nå hjå Transportøkonomisk institutt der ho er tilknytta forskningsgruppen Regional utvikling og reiseliv. For tida arbeider ho blant anna med eit prosjekt finansiert av Forskningsrådet om revitalisering av rurale område med utgangspunkt i kulturminne, og med eit prosjekt finansiert av EUs Regionalkommisjon som skal undersøke om det er ein samanheng mellom kulturarv og sosialt velvære.  

Christin er forfattar av fleire publikasjonar, og har halde mangfoldige forelesingar og foredrag i inn- og utland innen kulturfeltet med særleg vekt på kulturminne.

Stig Skurdal Grytting, utdanna siv.ing. bygg med 13 år yrkeserfaring frå entreprenør og rådgjevande ingeniør. 

I 1989 tok han over slektsgarden Sygard Grytting i Sør-Fron i Gudbrandsdalen etter onkelen sin. Han har frå 1995 saman med  kona Hilde (som var vara i styret i NK til 2021) brukt all si tid på å restaurere det alderdommelege, store tømra gardsanlegget og utvikla eit gardshotell www.grytting.com  som har vorte vidt kjent, frå  bøker, fjernsynsprogram osv., bl.a. frå Toppen Bechs fjernsynsserie Herskapelig. 

Det er vektlagt antikvarisk restaurering, lokal mat som står til omgjevnadane, formidling av kulturhistoria ved familien. I tunet står også ein freda bygning frå høgmellomalderen som kjelder indikerer at var herberge i mellomalderen og som igjen huser vandrarar langs Pilegrimsleden. På svalgangen vart i 2008 installert to bad, tilbakeførbare og godkjent av Riksantikvaren. Eit spanande eksempel på vern gjennom bruk, der det er tenkt mykje på fukt, vektbelastning og harmonisk innpassing. 

Det er tenkt mykje på bærekraft og langsiktigheit der slekta har vore sidan mellomalderen. Det gamle fjøset er i 2018 tekt med skiferliknande  solcellepanel som leverer opptil 20kW. 

Innehavar av Norsk Kulturarvs Nasjonale kvalitetsmerke Olavsrosa sidan 1995 og næringsmedlem, Fortidsminneforeninga sin Vernepris frå 1995. Kåra til det norske folks reisefavoritt i 2019. Styreformann i Foreininga for eigarar av freda hus i Gudbrandsdalen som var forløparen til etablering av Norsk Kulturarv. Fylkeskontakt i den nasjonale eigarforeininga Foreningen Fredet. Styremedlem i destinasjonsselskapet Visit Lillehammer. 

Olaf Steen. I dag ansatt hos Riksantikvaren, Kirketeamet. Fra 2008 til 2018 fredningsansvarlig antikvar hos Byantikvaren i Oslo. Fra 2003-2008 ansatt i Nordland fylkeskommune som rådgiver i Kulturminner i Nordland, med ansvar for utvikling av regionale kulturminneplaner og igangsettelse av pilotprosjektet «Den verdifulle kystkulturen». Særlig opptatt av kulturminner som ressurs i samfunns- og næringsutvikling.

«Verdiskaping og bevaring gjennom bærekraftig bruk og en synliggjøring av kulturminner og kulturmiljøer som en ressurs mener jeg er veien videre for en ansvarlig og aktiv forvaltning av våre kulturmiljøer og kulturminner.»

Svært opptatt av bevaring av vår nyere kulturarv, som er særlig sårbar da den sjelden har oppnådd historisk status. Dette har brakt Ola inn i internasjonalt arbeid, der han har vært engasjert i ICOMOS i mange år, både som styremedlem i ICOMOS Norge, og som visepresident i den internasjonale komiteen for bevaring av 20. århundres kulturarv (ISC20C), fra 2017 til 2020. Sitter også som Riksantikvarens representant i arbeidsgruppen «20th Century Built Heritage», Baltic Region Heritage Committee. 

«Jeg mener at et helhetlig syn på kulturminner og kulturarv som ressurs er helt vesentlig for en bærekraftig vekst, og jeg er særlig opptatt av at ikke kulturarv fra 20. århundre skal ødsles bort fordi den ennå ikke har oppnådd allment anerkjent kulturarvverdi.» 

 

 

 

 

 

Publisert 
Onsdag, 5 mai, 2021
Les også 

Mangeårige styremedlemmer, Bjørn Ølander og Kirsti Kolle Grøndahl fekk Stiftelsen Norsk Kulturarvs heidermerkje, gullnåla, for mangeårig innsats i organisasjonen under styreseminaret på Granavolden 14. og 15. oktober.
Norsk Kulturarvs ærespris 2021 er tildelt Jens Peter Ringstad for alt han har gjort for kulturminnevernet i Norge generelt og Møre og Romsdal spesielt. Dette ble klart under stiftelsens styreseminar på Granavolden torsdag 14. oktober.
Direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten er innstilt som styremedlem i Schübelers nettverk av gamle norske prestegårdshager og andre hager med kulturhistorisk verdi. (Foto: Skjermdump Nrk Innlandet)
ˮKlimakampen er éin av dei viktigaste kampane vi har framfor oss. Frykta for at alt levande står på spel, er ei rar kjensleˮ, seier kunstnar Sebastian Makonnen Kjølaas. (Foto: Martin Johansen)