I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida. Ein kan undre seg over at nokon ville bu slik, men sjølv om det var mange tunge løft på Ytste Skotet, var det ein god gard; den blei rekna som ein av de beste korngardane i Stordal. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta. Dei 8-9 bygningane og kulturlandskapet er tekne godt vare på, og om sommaren er her framleis full aktivitet med slått og dugnadsfolk. Som gjest kan du få enkel servering og overnatting i tillegg til at du kan delta på ulike kurs der temaet sjølberging er den raude tråden. Mange private kjem opp for ulike feiringar, f.eks. er det blitt populært å feire jubileum eller bryllup her! Lag, bedrifter og organisasjonar kjem opp i helgane etter avtale. Gjennom å sjå deg om i husa, få servert tradisjonskost, ta del i aktivitetane og overnatte i stabburet eller i høyet på låven, får du innblikk i livet i ei anna tid då det vi i dag kallar slit, var ein vane. Det kan også lagast skreddersydde opplegg etter nærare avtale. Ytste Skotet tilbyr 3 dagars leirskoleopphald vår og haust.

Kart