Volda El. Mylne AS vart skipa i 1930. Noverande mylnebygg vart reist i 1936. Mylnebygget er teke vare på med små endringar, og har fått nyare tilbygg i 1980-åra. Mylnå produserer i dag matmjøl etter tradisjonelle metodar på steinkverner og valsestol frå tidleg på 1900-talet. Dette, saman med skalmaskin, platetørke og koppelevator er utstyr som ein sjeldan ser i bruk i dag, og det egnar seg godt til maling av skalrike kornslag som havre og spelt. Kvernsteinane er store (ca 1,40 i diameter), er støypte og hogde halvmåneforma spor i . Dette gir kverna ein ekstra viftefunksjon, og ein kan male ulike mjølslag og strukturar på kvernene etter korleis dei er hogde. Slike steinar kan male spelt med skalet på til eit forholdsvis finmale mjøl med heile 30% kostfiber. Dette er sammalt i ordets rette forstand, og til samanlikning har sammalt spelt frå den moderne mølleindustrien 8-9% fiberinnhald. Desse kvernen klarer endåtil å male oppkutta selje og almekvistar til fint mjøl godt egna som grovmjøl til brødbakst. Det er inngått salsavtalar med fleire matvare- og bakerikjeder. Mjølet er å finne i butikkar frå Trøndelag til Bergen. Idun Industri står for salet til bakeri over heile landet. Ny butikk/kafe: Mylneriet AS, opna 18.10.06. Her kan ein nyte kaffi og ein godbit i eit koseleg miljø.

Kart