Visnes Hotel er eit historisk hotel i sentrum av turistkommuna Stryn. I 1850 vart det starta opp overnattingsverksemd på storgarden Visnes i Stryn. I mellomkrigstida vart hotellbygget som det står i dag bygt. Den karakteristiske sveitserstilen kjenneteiknar fasaden til Visnes Hotel, og interiøret i spisesal, salongar og på romma, ber også preg av mellomkrigstida. Visnes hotel har i dag 15 rom, alle med komfortable bad og historisk stil. Hotellet har lange tradisjonar for selskap. Den store spisesalen er ei flott ramme rundt dei store hendingane i livet. Restauranten er open på sommaren og serverer norsk mat med lokale råvarer kvar kveld.

Kart