Vingenfeltet er det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Feltet vart oppdaga då Kristian Bing i 1910 fekk høyre frå Abraham Honnskår om «nogen dyr aftegnet i et berg». I 1912 fekk Bing publisert funna sine, og dermed var Vingen opna for arkeologien. Vingen ligg veglaust og einbølt til. I 1980 vart Vingen Landskapsvernområde oppretta. Ulike sikringstiltak har blitt sett i verk for å verne helleristningane mot natur- og menneskapt påverknad. Frå 1996 er området integrert i Riksantivarens nasjonale bergkunstprosjekt.
Adresse
Bremanger, Vestland
Turbåt til Vingen. NB: Berre i lag med godkjend guide. Kontakt turistkontoret i Kalvåg, tlf 481 40 488.
Se på kartTelefon
57 79 63 00Webadresse:
Vingen helleristningsfeltsesong
- Forhåndsavtale
fasiliteter
- Kultursti
- Omvisning
- Spor fra fortida, fornminne