Dette er ein kulturstig som gir deg ein flott fottur medan du lærer korleis folk har streva for å få vatn på åkrane i tidlegare tider. Skjåk har eit lunt og godt klima med høge temperaturar om sommaren. Bygda ligg i regnskuggen bak dei høge fjella mot vest, og har difor om lag like stor årsnedbør som Sahara. «Vil Vårherre gje’ oss sol, ska’ oss sjølve skaffe væte», sa dei gamle skjåkværane og bygde desse sinnrike vatningsanlegga som du skal få sjå litt av på denne turen.

Kart