Stavkyrkja i Vågå frå 1100-talet, som var vigsla til St. Peter, vart flytta dit ho ligg i dag og bygd om til krosskyrkje i 1630. Inngangsportalen og dekorerte veggplankar stammar fra den gamle stavkyrkja. Kyrkja har døypefont i kleberstein frå 1100-talet, og eit stort krusifiks frå middelalderen. På kyrkjegarden kan du sjå mange særeigne gravminne i tre og kleberstein. Den legendariske reinsjegeren Jo Gjende er gravlagd her. Tett ved kyrkja står eit tømra tårn frå 1800-talet, klokkestupulen, der kyrkjeklokkene heng. Omvising i juli.

Kart