Sykkylven Naturmuseum opna våren 2016 den nye utstillinga «Mosaikk». Her kan du sjå over 200 fuglar og dyr som lever i dei kystnære fjordane på Sunnmøre.
Her er det fuglar som badar og vader, du kan oppleve ugleskogen om dagen og om natta, og mykje meir. I aktivitetsrommet Gjer(d)esmetten kan små og store laga noko fint!
Naturmuseet som er det einaste i sitt slag i Møre og Romsdal, vart oppretta i 1979.
Sjå også Møbelmuseet si utstilling «Ver så god, sitt!».
Besøk to museum med svært ulike og spennande utstillingar på ein gong. Vi har fellesbillett.