Langs E6 i Gudbrandsdalen reiser vi gjennom bygdelag som har lange tradisjonar i å ta imot reisande. Går vi sju hundre år tilbake i tid, var det vanleg å treffe pilegrimar i dette dalføret, på veg til Heilag Olavs grav i Nidaros. Det fanst overnattingsstader for kvar heile og halve dagsetappe langs den gamle oldtidsvegen mellom Oslo og Trondheim. Mange tok inn på Sygard Grytting og fekk overnatte i «svevnstova», som er omtala i eit skinnbrev frå 1343. «Svevnstova» skal ha hatt tre etasjar og rundt 20 sengeplassar. Denne stova hadde ingen vindauge, berre korsforma gluggar som sleppte inn litt lys. Her kan ein ennå overnatte og eta på tilnærma mellomaldervis i den same «svevnstova». Gjester kan også finne kvile i andre originale våningshus frå perioden 1680-1860, som i eit eksklusivt historisk «hotell». Her får overnattingsgjester heimelaga mat. Her kan du også arrangere lukka representasjonar, møte, kurs og selskap. Gjennom eit omfattande restaureringsarbeid er Sygard Grytting i dag eit uvanleg godt eksempel på korleis ein unik bygningsarv kan kombinerast med moderne krav til komfort. Garden er kjent bl.a. frå Toppen Bechs fjernsynsserie «Herskapelig» og bøker om historiske losjistader. Garden er i full drift, og dagens vertskap er minst 16. generasjon av eigarar i slekta.
Handicap mogleg med følgjesvein.