Stützpunkt Melland, som ligg ut mot Trondheimsleia, er eit tysk kystfort som vart bygd i 1944 der m.a. russiske krigsfangar vart brukt som arbeidskraft. Anlegget besto opprinneleg av ein jarnbane, 8 kanonstillingar og fleire hus, m.a. eit lasarett og ein soldatheim. Ein merka stig går gjennom området, og du finn ei brosjyre med informasjon om anlegget i ein kasse ved infotavla. Kystfortet var bygd over eit stort område, og eit besøk er også ei fin friluftsoppleving. Ta omsyn til husdyra – ver snill lat att grinder etter deg.

Kart