Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Dei idylliske trehusa på Noresjøen står framleis slik dei sto for 100 år sidan. Her var gjestgiveri og handel frå sist på 1600-talet, og kyrkjestad frå 1200-talet. Eldre fornminne som gravrøyser og spor etter busetjing frå 400-600 e. Kr. finn ein også på Jelsa. Kyrkja på Jelsa er frå 1647 med vakre målingsarbeid av Gottfrid Hendtzcel. Skulehuset blei bygd i 1774. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke. Ryfylkemuseet driv omvisarteneste i Jelsa kyrkje og Skulemuseet.
fasiliteter
- Sammensatt opplevelse
- Omvisning