Utstillinga fokuserer på Ringebu stavkyrkje både som heilagt rom og lokalt rom. Utstillinga visar at det lokale kyrkjerommet representerer både noko allment heilag, uttrykk for ein kristen kulttradisjon gjennom 800 år, og noko spesifikt lokalt som ber ulike avtrykk av det lokale samfunnet med sine føresetnadar. Ringebu stavkyrkje er som rom og stad, eit bindeledd mellom den universelle og den lokale kyrkja, mellom Noreg og det kristne Europa.

Kart