På Molandsmoen, attmed riksvegen ,står «Skeidsteinen», eit minnesmerke både over kulturen i tidlegare tider og runerissarar. Runene på steinen er mogleg rissa i det 11. hundreåret. Tidlegare var det fire steinar som danna ein firkant, dei tre andre er blitt borte. På staden der dei stod, samla bygdefloket seg på «Skeiddagen», ein viktig dag på hausten etter at grøda var i hus. Då var det kappriding og andre tevlingar, det var dagen for å vise karstykke, for hesteslagsmål, villskap og dans.
Adresse
Fyresdal, Vestfold og Telemark
Skeidsteinen ligg attmed riksveg 355 i Fyresdal, litt nord for sentrum på Molandsmoen.
Telefon
35 04 14 55Webadresse:
Skeidsteinenfasiliteter
- Spor fra fortida, fornminne