Sirdal Fjellmuseum har ei samling bygningar, gjenstandar og anna kulturhistorisk materiale frå bygdene i Sirdal. I infobygget vert Sirdalsfilmen vist, ein panoramafilm 180 grader som syner dyre-, plante- og fuglelivet gjennom årstidene med vekt på den sørlegaste villreinstamma i Europa. Thv. Heiberg vert fokusert på museet som den som kjøpte store heieområde og tilrettela dei for den europeiske overklassen. Driftesauen – titusenvis av sauer frå Jæren – som har sommarbeite i Sirdal er sentralt. Film og forteljing.

Kart