Våpenhuset er truleg leivningane etter ei lita stavkyrkje som vart flytta frå garden Kåvadølen i Nordbygdi i Seljord på midten av 1600-talet. Byggverket er i stein og har 160 plassar. På nordsida av kyrkja kan ein sjå eit andlet i veggen, som i fylgje segner skal vera Heilag-Olav, som fekk bygd kyrkja ved hjelp av ein tusse, og då tussen skulle sette på plass spiret på toppen av kyrkjetårnet datt han ned og døydde, fordi Heilag-Olav fann ut namnet hans. Der han datt ned veks det ikkje gras den dag i dag. Kyrkja er open på sommaren med omvisning i juli månad, sjå www.seljordkyrkje.no