Ryvarden fyr ligg dramatisk til ved havstykket Sletta ved utløpet av Bømlafjorden. Her har det skjedd fleire større og mindre skipsulykker gjennom hundreåra. Ryvarden fyrstasjon vart oppretta allereie i 1849, og den var bemanna fram til 1984. I dag er fyret automatisert, men står framleis som ein fyrstasjon med bygningar hovudsakleg frå perioden 1930-1960. Anlegget består av fyr, fyrmeisterbustad, fyrbetjentbustad og tre uthus. Bygningane er gode eksempel på byggjeskikken frå denne perioden, samtidig som dei fungerer godt til ny bruk. Etter at fyret vart automatisert og fråflytta, har dei gamle bygningane fått nytt liv som kultursenter. Fyrbetjentbustaden er ominnreidd til galleri og kafé. Eit uthus har ei historisk utstilling, og eit anna blir brukt som atelier. Det blir halde utstillingar frå påske til desember. Fyret blir også brukt til kurs, konferansaar og selskap og har tilbod om overnatting i 4 dobbeltrom med høg standard. Det er ein spasertur på 2 km frå Mølstrevåg ut til fyret.
Innehaver av Olavsrosa
Telefon
53 74 00 41Webadresse:
Ryvarden kulturfyrsesong
- Sesongåpent
servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Handelssted, utsalg
- Kultursti
- Utstilling