Rygnestadtunet er ein ekte setesdalsgard med røter tilbake til middelalderen. Ikkje minst gjer tilknytinga til segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad eit besøk her ekstra spennande. Åsmund skal ha vore med som verva soldat i den nederlandske fridomskrigen i 1560-åra. Det karakteristiske Rygnestadloftet vart bygd ca 1590, truleg av den same Åsmund. Her heng gamle tekstilmåleri frå 14-1500-talet. Her finn du også «Trihågloptet» i heile tre etasjar, noko som var svært uvanleg. Dette er det einaste i sitt slag som er att i Setesdal.

Kart