Rudi Gard tilbyr konsertar, revy, teater, utstillingar og servering. Garden ligg i eit velpleia kulturlandskap med mange kulturminne, og dette er ei attraktiv ramme for eit stort publikum til Rudi Gard. Rudi Gard er kjend for store kulturarrangement. Servering er ein viktig del av verksemda på garden, med god mat for smågrupper og full middag til inntil 500 personar. Kvar sommar er det salsutstillinger med anerkjente kunstnarar. Firma og grupper leiger ofte Rudi Gard til eigne arrangement. På setra ved Gålå er 20 senger fordelt på fire hus som blir leigd ut til sjølvhushald. Garden er nemnd første gong skriftleg i eit diplom frå 1319, og slekta har vore på garden så lenge ein veit. Øystein Rudi er gardbrukar og spellmann. Han har motteke fire Spellemannsprisar, og er aktiv med ei rekkje oppdrag innanlands og i utlandet. Rudi Gard mottok i 2003 SND Opplands bygdeutviklingspris for nyskaping og Sør-Fron kommunes kulturpris, og i 2004 Kulturprisen for Gudbrandsdalen og den nasjonale bygdeturismeprisen i regi av Innovasjon Norge.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Sør-Fron, Innlandet
Rudi ligg ved E6 i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, om lag 4 km nord for Hundorp, og 10 km sør for Vinstra. Ta av nye E6 på Frya eller Harpefoss.
Se på kartTelefon
61 29 86 60Epost:
oystein@rudigard.noWebadresse:
Rudi Gardovernatting
- Romutleie
servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Handelssted, utsalg
- Kultursti
- Omvisning
- Sammensatt opplevelse
- Utstilling
tilretteleggelse
- Handikapptoalett
- Tilrettelagt for funksjonshemmede