Verdas største permanente utstilling av arbeida til den internasjonalt kjende tyskfødde kunstnaren Rolf Nesch (1893-1975). I 1951 flytta Rolf Nesch til garden Ragnhildrud i Ål, og budde her i over 20 år. Nesch-museet i Ål kulturhus opna dørene i 1993. Den faste samlinga i museet omfattar både grafikk, skulptur, måleri og materialbilete, og gjev eit godt, representativt og spennande utval av det kunstnarlege livsverket til Rolf Nesch frå 1916 til 1972.

Kart