Riddarspranget i fjellelva Sjoa har namnet frå segna om Valdresriddaren Sigvat Kvie, som etter brurerov på Sandbu i Vågå flykta over dette elvejuvet med den vakre jenta «Skårvangssola». Sandburiddaren Ivar Gjesling var i hælane på han med sine menn. For å vise korleis det ville gå med den som prøvde seg på forfølging, støytte Sigvat ein av sine menn ned i fossen. I følgje segna måtte Sigvat seinare betale skadebot for brurerovet. Vi åtvarar mot å prøve å hoppe over juvet. Det er livsfarleg!

Kart