Til plassen Rui kom svensken Johan August Schewenius på 1860-talet. Har vart gift to gonger og fekk fleire born. Seks ungar levde opp. Dei to eldste, Ingerine (1872 – 1965) og Gurine (1873 – 1963, vart buande på Rui all si tid. På Rui gav dei aldri slepp på naturalhushaldninga og bytta sine eigne produkt med andres. Dei heldt vanlegvis 3 kyr, nokre sauer, geiter og høner. Dei dyrka bygg, poteter og grønsaker. På Rui eigde dei aldri hest eller vogn, det såg dei seg ikkje råd til. Ånden på Rui var arbeid og sparing – frå ljose morgon til seine kvelden. Då far deira døde, dreiv Ingerine og Gurine plassen vidare i farens ånd.
Ingerine og Gurine døde på 1960-talet. Dei vart begge over 90 år gamle. Bare ein gong reiste dei vekk frå Rui – då var dei på besøk i Oslo, hjå kongen. Det skulle dei aldri gløyme.