Pålebrua er ei såkalla utleggsbru, som er ein konstruksjon av lafta tømmer. Dette var ein vanleg brukonstruksjon her i distriktet, men nå er det berre Pålebrua og brua over Tora att her i Skjåk. Ein veit ikkje kor gamal brua er. Mange undrar seg over at brua er både brei og solid til å vera bygd der ein ikkje finn teikn på køyreveg. På nordsida av brua var det ei kvern som var i bruk til byrjinga av 1900-talet. Der budde «Pålen» eller Iva Pålsen. Det er han som er opphavet til namnet på brua i dag, men brua er heilt klart mykje eldre.
Adresse
Skjåk, Innlandet
Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og 8,2 km mot Sota, over brua i Bråtå, ta til høgre etter 2,2 km og etter nye 1,1 km er Pålebrua.
Se på kartWebadresse:
Pålebruafasiliteter
- Spor fra fortida, fornminne
- Kultursti