Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggje oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Seks lærlingar har tatt fagprøven sin hos oss, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar. Dees båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjar tradisjon i Os.
Innehaver av Olavsrosa
Telefon
96633531Webadresse:
http://www.oselvarverkstaden.nosesong
- Helårsåpent
fasiliteter
- Butikk/utsalg
- Omvisning
- Utstilling