Nordigard Blessom er etter det som blir sagt, ein av dei eldste gardane i Vågå. Garden ligg i gangavstand frå Vågåmo sentrum med utsyn mot den gamle stavkyrkja og Jutulporten, som er kjent frå Asbjørnsen og Moes folkeeventyr. Nordigard Blessom er ein del av den særprega gardrekkja der Sandbu-gardane, Gardsøy, Haugøy og Håkenstad er sentrale element. Tunet på Nordigard Blessom har fleire gamle tømmerbygningar, der den eldste stugua frå ca 1750 nå er restaurert og blir leigd ut til gjester. Garden er med i Vågå gardshotell, www.gardshotell.no.

Kart