Fram til jordskiftet i 1912 var Nes eit typisk eksempel på eit lite vestlandsk klyngetun der to gardar, Oppistovo og Nistovo, hadde husa samla. Etter utskiftinga vart det bygd eit nytt tun, men fire hus frå det som i dag er Nestunet, vart selt og flytta til Oslo i 1921. Røykstova, eldhuset, bualoftet og eit stabbur har sidan 1948 utgjort ein del av Vestlandstunet på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Dagens drivarar på Nestunet har lagt ned mykje arbeid i å setja i stand dei gamle husa som sto att på Nes. Strandsitjarstove, gamleløa, eldhus og stabbur, alle frå 1700- og 1800-talet, er restaurert. «Idnestova», som er ei typisk vestlandsk lemstove frå 1863, er flytta til tunet i seinare tid. Huset er totalrestaurert og innreidd som to husvære. Her er detaljar frå før huset vart flytta tekne veldig godt vare på, og gjestane får bu i utleigehusvære av høg standard med sjølvhushaldning. Til og med det gamle geithuset som sannsynlegvis er frå 1700-talet, er sett i stand og innreidd til eit mindre utleigehusvære. Heile tunet og kulturlandskapet framstår som gjestmildt og innbyr til opplevingar for gjestene, anten på eiga hand eller saman med vertskapet. 200 m frå tunet er det naust, brygge, båt og eigen badeplass.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Kvam herad, Vestland
Det er avkjøring til Nes frå RV49 like aust for Mundheim i Hardanger.
Se på kartTelefon
56 55 47 52Epost:
post@nestunet.comWebadresse:
Nestunetsesong
- Helårsåpent
overnatting
- Overnattingssted
- Romutleie
fasiliteter
- Kultursti
- Omvisning