Nesset prestegard er ein av dei best bevarte prestegardane i landet. Tunet består av ni freda bygningar. Nede på Prestneset ligg det fleire tydelege gravhaugar frå tidleg vikingtid og fleire hustufter frå husmannsplassar. Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp på Prestegarden frå 1838 – 53, og i fortellinga Blakken skriv han: «En av de skjønneste gaarder i landet. -her vokste mine inntrykk.» Den store driftsbygninga frå 1902 er bygd om til museum og kultursenter, og vart tildelt Olavsrosa i 2010. Bjørnsonfestivalen vert arrangert i aug./sept.

Kart