Stigen går gjennom fjellskog med fleire hundre år gamle furutre, forbi kleberberg og gamle seterhus, over myrer, langs vatn og elver. I alt 28 postar fortel om naturen og kulturhistoria i området. Du kan lesa om berggrunn, planter, dyr og kulturminne av både ny og gamal dato. Stigen er ei vandring gjennom historia til fjelldalen og syner korleis menneske og dyr har levd i samspel med omgjevnadene. Dei eldste spora etter menneske er 5500 år. Stigen kan gåast som ei runde på 10 km, eller delast opp i mindre etappar. Revidert og nyopna i 2007.

Kart