Mølstertunet består av 16 gardshus i eit felles tun for to gardar. Gardane var i vanleg drift fram til 1925 då dei siste brukarane, Arnfinn og Botolv, overlet tunet til Voss Folkemuseum. Det eldste huset på tunet er ei årestove på bruket hans Botolv. Ho er truleg bygd på 1500-tallet. Dette var nok våningshus ein gong, men frå 1730-åra blei det brukt som eldhus. På Mølstertunet finst ei stor samling av bygde- og brukskunst, møblar, bruksting og eldre reiskap. Faste og skiftande utstillingar finst i eit nytt eldfast museumsbygg, opna i 1985.
Telefon
56 51 15 11Epost:
post@vossfolkemuseum.nosesong
- Helårsåpent
servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Aktiviteter
- Handelssted, utsalg
- Museum, kunstgalleri, utstilling
- Omvisning
- Utstilling
tilretteleggelse
- Handikapptoalett
- Tilrettelagt for funksjonshemmede