Moahaugane vart bygde i tidsrommet 3-500 evt. men var i bruk som gravmæle for Hove-garden sine fremste menn og kvinner fram til 900 talet .Turvegen «Sylvringen» passerer tett ved den støste av dei, Storehaugen, som ligg godt synleg framme på terrassekanten. Funn av m.a. glasperler og dekorerte leirkrukker viser at det er tale om ei kvinnegrav frå 300- talet. Kvinna var lagd i ei to meter lang steinkiste, og må ha hatt ein høg rang i samfunnet. Det er registrert funn i 6 av dei 9 Moahaugane . Storehaugen er offentleg friområde. Dei andre haugane ligg på privat grunn.