Det er over 850 år sidan lomværane felte malmfuru til denne mektige stavkyrkja. Lomskyrkja er nemnt i kjelder, fyrste gongen i 1240, men trevirke er datert 1158. Kyrkja, som er vigsla til Jomfru Maria, Johannes døyparen og Heilag Olav, er av basilikatypen. Den eldste delen er bygd i romansk stil med dei typiske runde bogane. Seinare er kyrkja ombygd fleire gonger. Preikestolen og korbogen, som stammer frå 1700-talet, har rike utskjeringar. Lomskyrkja er framleis hovudkyrkja i bygda, og blir stengd for «anna publikum» ved kyrkjelege handlingar.