Li ligg i Suldal kommune, høgt oppe i lia på sørsida av Hylsfjorden, kring 285 meter over havet. Det særprega tunet med dei mange gamle bygningane blei freda av Riksantikvaren i 1973. I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, og dei rommar mykje gammalt gjenstandsmateriale. Landskapet er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap. Det har budd folk på Li like til nå, men gardsdrifta er avvikla for fleire år sidan. Ryfylkemuseet har ansvar for forvaltning av tunet. Li fekk vegutløysing i 1972.

Kart