Hausten 1940 starta den tyske marinen bygging av eit kystfort på vestspissen av Rugsundøy. Kanonane på kystfortet skulle nå mål på Vågsfjorden, og sperre innseglinga til Måløy og Nordfjord. Fleire av brakkene i området fekk sentralfyring, innlagt vatn og elektrisk lys frå straumaggregat. Etter kapitulasjonen gjekk batteriet inn i det norske kystartilleriet under namnet Rugsundøy Fort. Rundt 1950 vart fortet endeleg nedlagt. Ein av kanonane vart ståande att saman med mannskapsmessa som i åra etter krigen har vore brukt til forsamlingslokale.
Adresse
Bremanger, Vestland
Rv 616 frå Isane til ytre Bremanger. Parker i Hamnen i Skatestraumen ca 40 km frå Isane. Gangstig til Kystfortet, ca. 15-20 minutt i lett terreng.
Se på kartTelefon
48 14 04 88Webadresse:
Kystfortet på Tonganefasiliteter
- Spor fra fortida, fornminne