Kviknes Hotel ligg på Balholm, der gjestgjevartradisjonane strekkjer seg heilt tilbake til 1752. Da familien Kvikne overtok i 1877, starta ei rivande utvikling, som har halde fram til i dag. Etter fleire utvidingar stod hotellet i sveitsarstil ferdig i 1913, og det hade heile 200 senger – eit enormt tal etter datida. I dag er Kvikne's eit topp moderne hotell, med ein nybygd del frå 1970-talet, 365 senger, møtekapasitet til 200 personar og ein matsal med plass til 400 gjester. Trass i utvikling og modernisering har hotellet halde fast på særpreget, og den gamle delen av Kvikne´s med sin lange verandafasade mot Sognefjorden er eit imponerande syn. Lista over prominente gjester på Kvikne´s er lang og inneheld kongelege, keisarar, presidentar og statsministrar så vel som filmstjerner og kunstnarar. Hotellet har samla mange kunstverk og andre klenodium, og i Høiviksalen er det ei unik samling drakestilmøblar. Den gamle delen har også mange stilfulle salongar, og gjester på hotellet kan få følgje av ein i familien Kvikne på vandring i hotellhistoria. Balestrand er som stad gjennomsyra med kulturhistorie, og her finn du utøvande kunstnarar innan ulike kunstartar. Her kan du nyte fred og ro i mektig natur. Fint utgangspunkt for turar til Norsk Bremuseum, Sognefjord Akvarium, Flåmsbana og Urnes Stavkyrkje.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Balestrand, Vestland
Kviknes Hotel ligg i Balestrand, Kviknevegen 8. Følg RV 55 på nordsida av Sognefjorden. Hotellet ligg sentralt i bygda.
Se på kartTelefon
57 69 42 00Epost:
booking@kviknes.noWebadresse:
Kviknes Hotelsesong
- Sesongåpent
overnatting
- Overnattingssted
servering
- Full servering
fasiliteter
- Aktiviteter
- Handelssted, utsalg
- Kultursti
tilretteleggelse
- Tilrettelagt for funksjonshemmede