Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Den ligg ca. 200 m vest for hovudtunet. Plassen var teke opp i byrjinga av 1800-talet. Siste husmannen dreiv plassen til om lag 1930. Yngste dottera, Guri, budde her til 1967. Namnet Kvemmadokkje kjem av at den fyrste husmannen kom ifrå Kvam, og at plassen ligg i ei dokk (eit søkk). Eigarane av Børsheim har restaurert og ivareteke plassen, først i 1970-åra, og så ei fullstendig utvendig restaurering for få år sidan.

Kart