Kulturminneløypa har sitt utgangspunkt i Fyresdal sentrum, rett ved Turistinformasjonen og Bygdemuseet. Her kan ein velje om ein vil gå heile løypa, eller berre gå ei av sløyfene. Heile turen tek i underkant av ein time å gå alminneleg turtempo. Du kan finne restar av, og få informasjon om, alt frå gravhaugar, jarnvinneanlegg, historia og landsbyen Folkestadbyen, Fyresdal Bygdemuseum osb. Ein passerer og den populære badeplassen Bryggjeparken undervegs.