Diktaren Arne Garborg fekk bygd jærhuset i Knudaheio som sommarbustad i 1899. Han budde her nokre dagar eller veker kvar sommar for å kunna arbeida i fred og ro, fram til 1923; for det meste åleine. Handlinga i «Haugtussa» (1895) er kanskje lagd til fjellheimen aust for Knudaheio. Her skreiv han òg dei til dels sjølvbiografiske «Knudaheibrev» (1904). Staden betydde mykje for Garborg: «Det er ikkje mykje eg er så nøgd med i verda som «jærfjellstova mi.» (Dagbok 1919). Ekteparet Arne og Hulda Garborg er hauglagde i Knudaheio (i 1925 og 1935).

Kart