Ivaregga er ein tidlegare husmannsplass under koparverket på Røros, og ligg like ved sentrum av Tolga, Toljelva og – fossen, og området der den tidlegare smeltehytta til koparverket låg.
Bygningane på tunet vart restaurert på fyrsten av 2000-talet, og Vinterstua, eine delen av våningshuset, er tilgjengeleg for overnatting på www.booking.com
Steinbukken, ein liten handverksbutikk, er i den tidlegare møkk-kjellaren på Stenfjøset, med spesialtilpassa innredning av osp og vakre steinmurar.
Stenfjøset har plass til 60 personar, og i inngangspartiet-garderoba finn du også panel av ospa som veks på tunet.
Ivaregga fekk tildelt Olavsrosa av stiftelsen Norsk Kulturarv sumaren 2023. www.ivaregga.no
Ivaregga ligg sentralt i eit samanhengande kulturlandskap som strekkjer seg frå Ivaregga og forbi kyrkja. Busetnaden i Gata og oppe ved kyrkja er bygd på terasser i landskapet,og dei tette husklyngene vart grunnlagt i samband med med verksemda i smeltehytta på Tolga. Denne byggjemåten gjev området særpreg, og området er av *nasjonal betydning.
Ivaregga har historia attende til slutten på 1600-talet, då plassen vart rydda. Den var lenge ein husmannsplass under koparverket på Røros.









