Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv tunet, som ligg på garden der Ivar Aasen (1813-96) var fødd. Nybygget frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og inneheld m.a. ei stor basisutstilling om språk, dataspelet Dialektspelet, ein 20 min. dokumentarfilm om Aasen, bibliotek, arkiv, kafé og butikk. Kvart år over hundre kulturarrangement, med Dei Nynorske Festspela siste veka i juni som høgdepunkt. Tilrettelagde opplegg for skuleklassar.

Kart