Sogeskrivaren Snorre Sturlason har skildra møtet mellom Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021 på denne måten: Mens sola er i ferd med å renne i aust, blir bøndene under leiing av Dale-Gudbrand vitne til at Kolbein Sterke, ein av hærmennene til Olav, knuser Torsguden deira. Mus store som kattar, øgler og ormar myldrar fram frå den øydelagde treguden. På førehand har Olavs menn øydelagt båtane til bøndene og jaga hestane deira, slik at dei ikkje kan rømme. Mens dette skjer, skal Olav ha sagt: «Sjå der kjem vår gud med mykje lys» – og sola stod opp over åsen. Med ein slik regi er det ikkje vanskeleg å forstå at dølene tok trua til Olav. Med Dale-Gudbrand i spissen bygde dei ei kyrke på staden, den første i Gudbrandsdalen. Også i dag er Hundorp sterkt prega av historia med alt frå unike gravminne og andre fornminne til bygningar i storgardsstil frå førre hundreår. I tillegg finst det eit folkehøgskulesenter til minne om 70 års folkehøgskuledrift på garden. Hundorp Dale-Gudbrands gard vart vald til tusenårsstad for Oppland fylke. Staden ligg der i dag som et bindeledd mellom historia og framtida, med eit variert tilbud for besøkjande.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Sør-Fron, Innlandet
Garden ligg like sør for Hundorp sentrum i Gudbrandsdalen. Ca. 70 km nord for Lillehammer. Ta av nye E6 på Frya eller Harpefoss.
Se på kartTelefon
61 29 71 11Epost:
info@hundorp.noWebadresse:
Hundorp, Dale-Gudbrands gardsesong
- Helårsåpent
overnatting
- Overnattingssted
servering
- Full servering
fasiliteter
- Handelssted, utsalg
- Omvisning
- Sammensatt opplevelse
- Utstilling
tilretteleggelse
- Handikapptoalett
- Tilrettelagt for funksjonshemmede