Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden held til i Oslo sentrum og er dotterselskap i Bøndenes Hus-konsernet.

HOTELL BONDEHEIMEN blei grunnlagt i 1913. Alle desse åra har hotellet vore overnattingsstad for folk frå distrikta, frå politikken, organisasjons- og næringslivet og sjølvsagt ferie- og helgegjester. Også kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra i området har hatt Bondeheimen og Kaffistova i Oslo som eit naturleg val. Hotellet har i dag 145 flotte rom og ein triveleg resepsjon med enkel servering. Vi har også møterom for inntil 12 personar.

KAFFISTOVA
Kaffistova kan føre historia tilbake til 1901 og er med det ein av hovudstadens mest tradisjonsrike serveringsstader. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat og herlege kaker og er dessutan frukostrestaurant for Hotell Bondeheimen. Kaffistova har skjenkerett og tar imot selskap og grupper. Haustens faste smalahovelag, julebord og folkemusikkpub er populære arrangement.

HEIMEN HUSFLIDEN
Heimen Husfliden er ei handverks- og handelsbedrift grunnlagt i 1912. Heimen har systove og to butikkar i Oslo sentrum.  

AVD. ARBEIDERGATA 

På systova vår får du spesialsydd bunad av høgaste kvalitet. Våre faglærte medarbeidarar tar hand om produksjonen frå start til slutt med måltaking, påteikning og klipping – til saum, tilpassing og montering. Heimen leverer bunader frå heile landet.

 

Butikken i Arbeidergata 1 er oppgradert i 2023 og har eit rikt utval av bunader og bunadstilbehør. Butikken har eiga avdeling for herrebunad og dessutan eit utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design.

HEIMEN HUSFLIDEN AVD. GLASMAGASINET
Den Norske Husfliden blei grunnlagt i 1892 og kom med i Heimen-familien i 2007. Heimen Husfliden-butikken på Glasmagasinet har eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar i tillegg til ei flott bunadsavdeling og vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar.

Våre trivelege medarbeidarar har stor strikkekompetanse og hjelper deg gjerne med ditt neste handarbeidsprosjekt. Hos Heimen Husfliden Glasmagasinet vil du få grundig hjelp med val av fargar, oppskrifter og teknikkar, og med Heimen Husflidens nøstekort får du kvart 10. nøste gratis.

BONDEUNGDOMSLAGET (BUL)
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. Bondeungdomslaget i Oslo eig Bøndenes Hus AS 100 %. Her  går næring og kultur, frivillige og profesjonelle saman for å gjere kulturarven levande.

Kart