Saman med Borgund stavkyrkje framstår Hopperstad stavkyrkje som den klassiske stavkyrkja, med stokkverk over stokkverk i fleire høgder. Vestportalen som omkransar hovudinngangen i kyrkja, høyrer til det ypparste innan norsk treskurd frå mellomalderen. Motiva er romanske, med ein planteranke som slyngar seg oppover frå gapet av eit udyr nedst på kvar av vangane. Motivet er kjent frå europeisk kunst. Funn av eldre stolpar under kyrkjegolvet tyder på at det har stått ei kyrkje der før den vi kjenner i dag. Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Hove kyrkje, bygd i stein omkring 1170. Dei to kyrkjene var gudshus for kvar si kyrkjesokn. I 1877 tok kyrkjelyden i bruk ei ny kyrkje, etter at dei to soknene var samanslegne. Begge dei gamle kyrkjene var no forfalne og framtida uviss. Arkitekt Peter Andreas Blix skulle bli redningsmann for båe kyrkjene.