Norsk Kulturarv / Kulturminne / Herdalssetra

Herdalssetra

Del

Den idylliske Herdalssetra i Norddal har 300 års ubroten setertradisjon, og er ei av dei største fellessetrane for geit i landet. Her er også kyr, sauer og fjordhestar. På Herdalssetra finn ungane eit ekte leikeland med naturlege seteraktivitetar. Setergrenda har eit unikt bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus i klynge. Gamle tradisjonar blir haldne i hevd med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du er innom "den gamle garden", sel og fjøs, ysting og smaking av ost, og den "moderne" fellessetra frå 1960. På Herdalssetra kan du delta på kurs, oppleve setermuseet, og få smakebitar av både seterkosten og seterkosen. Kaffistova held til i eit ombygd fjøs, og her blir det servert bl.a. rjomegraut, spekemat og kjekjøt. Gjester kan overnatte i eit gammalt sel, eller i telt utanfor stølsområdet. Elver og vatn er varig verna mot kraftutbygging, og byr på fint fiske. Du kan leige båt og prøve fiskelykka. Spor etter busetjing frå tidleg middelalder og fangstanlegg for rein. Kallskaret naturreservat ligg om lag 2 timars fottur frå Herdalssetra, og er også vel verdt eit besøk. Herdalen med Herdalssetra har frå juli 2005 fått verdsarvstatus som del av vestnorsk fjordlandskap.

Kart 

Innehaver av Olavsrosa