Heddal stavkyrkje er den største av dei 28 stavkyrkjene som finst i Noreg i dag. Kyrkja ligg langs E 134, vest for Notodden. Det noverande koret, bygd på 1100-talet har kanskje vore den fyrste kyrkja i bygda. Omkring 1250 vart kyrkja utvida med stort skip, apsis og svalgang rundt. Portalane er utskorne med dyr og platemotiv, og vitnar om ei blomstringstid i Heddal på den tida. Kyrkja er framleis i bruk til kyrkjelege handlingar. Like ved kyrkja ligg Prestegardslåven med Låvekyrkja, Heddal kyrkjekontor, Kafé Olea og kyrkjeutstilling i kjellaren.
Adresse
Notodden, Vestfold og Telemark
Heddalsvegen 412, Notodden. Følg E134 ca fem km vestover frå Notodden sentrum. Kyrkja ligg rett ved E 134.
Se på kartTelefon
35 01 39 90Epost:
post@heddalstavkirke.noWebadresse:
Heddal stavkyrkjesesong
- Sesongåpent
servering
- Full servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Kirke
- Handelssted, utsalg
- Utstilling
- Omvisning
- Kultursti
tilretteleggelse
- Handikapptoalett