Eit besøk ved Hardanger fartøyvernsenter gjev eit innblikk inn i sterk maritim historie. Senteret legg vekt på at ein får prøvd eigne ferdigheiter. Her er små verkstader der ein sjølv får prøvd seg som reipslagar eller båtbyggjar. Ei aktivitetsløype utfordrar sansane. Det heile starta i 1984, ein gjeng entusiastar kjøpte jakta «Mathilde», som da var på tvangsauksjon. Dei gjekk i gang med eit formidabelt restaureringsarbeid på den 100 år gamle «dama». Dette vart starten på Hardanger Fartøyvernsenter, som i dag er eit levande museumsverft og eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern. Ved ei omvising på senteret kan du sjå restaurering av gamle trefartøy, småbåtbygging, reipslaging og smiarbeid utført av engasjerte handverkarar, og du får oppleva fartøyhistoria gjennom utstillingar og biletspel. Du kan laga ditt eige tau på Vesle reiparbana, laga båt i Vesle småbåtverkstaden, gå sporløypa med aktivitetar, høyra oppstart av semi-diesel eller ro ein tur på fjorden med tradisjonelle robåtar. Hardanger kystlei tilbyr utleige av robåtar over fleire dagar. Senteret tilbyr fisketurar med hardangerkutteren Vikingen, og kortare eller lengre seglingstokt med hardangerjakta Mathilde.

Kart