Først på 1800-talet fekk norske fjell og fjordar på Vestlandet besøk av både vitskapsmenn, kunstnarar og rike dagdrivarar på oppdagingsferder i eit ukjent landskap. Inspirert av sine opplevingar skapte desse turistpionerane romantiske kunstverk og storslåtte reiseskildringar. Dette utløyste stor reiselyst hos mange utlendingar som forventa å finna vill og vakker natur, og eit fargerikt og harmonisk folkeferd. Dei første turistane til Vestlandet måtte klara seg med enkle overnattingskår, men bygdefolket oppdaga raskt dei inntektene som kunne liggja i å tilby overnatting og skysstenester. Driftige vestlendingar lærde fort å behandle kundane sine med respekt og omtanke, og mange av overnattingsstadene fekk ry for godt stell. Opplevinga av natur og kultur kombinert med den omsorga verten hadde for sine gjester gir også dagens reisande ei spesiell oppleving. Guddalstunet i Rosendal representerer ein slik unik kombinasjon, der eit dyktig vertskap tilbyr losji på historisk grunn. Garden ligg vakkert til i eit gammalt kulturlandskap med røter tilbake til tidleg bronsealder. Her har familien Guddal skapt eit «paradis på jord» for seg og sine – og for dei som legg vegen innom for å oppleva heimen og arbeidsplassen deira. Unn deg eit opphald her – frokostkorga til Kirsten er berømt!

Kart