Garborgheimen er eit klassisk og vakkert midtgangs-jærhus frå 1848. Det freda huset var diktaren Arne Garborg sin fødestad og barndomsheim. Huset er eit godt døme på den lokale byggeskikken, og er innreidd med gjenstandar frå siste halvdel av 1800-talet. På buakammerset står den kjende «blå kista hennar mor». Huset gir eit godt inntrykk av levemåten på den tida Garborg voks opp, og innsikt i den kulturelle og sosiale bakgrunnen for diktinga hans. Ein «kjenner att» huset i fleire av jærverka til Garborg, m.a. i hovudverket Fred (1892).

Kart